Svak nedgang i pasientskadar

Publisert 12/09/2024 Oppdatert 12/09/2024

Nye tal frå Helsedirektoratet viser at omfanget av pasientskadar går ned ved norske sykehus.

I 2023 var dei hyppigaste typane av pasientskadar legemiddelrelaterte skade, annan kirurgisk komplikasjon, postoperativ sårinfeksjon og urinvegsinfeksjon. Dette er i tråd med resultat frå tidlegare år, og også førekomsten i andre land.

Pasientskadar er eit betydeleg globalt og nasjonalt problem. I 2023 oppstod det ein pasientskade ved 12 prosent av somatiske sjukehusopphald i Noreg, mot 12,6 prosent året før. Trenden for talet på sjukehusopphald med minst éin pasientskade samla har gått nedover frå 2012 til 2023 for alle alvorlegheitsgradar.

Rapport - Pasientskader i Norge 2023 (helsedirektoratet.no)

– Pasientskadar kan ha store konsekvensar for pasienten, pårørande og også det helsepersonellet som er involvert i ei uønskt hending som fører til ein pasientskade. Det inneber også store kostnader for helse- og omsorgstenesta og for samfunnet. Samstundes veit vi frå OECD og Sverige at omtrent halvdelen av alle skadar faktisk kan førebyggjast.

– Det nasjonale faglege rammeverket for betre pasient- og brukartryggleik, lansert i Nasjonal helse- og samhandlingsplan, har færre pasientskadar som ein av dei tre hovudmåla sine. Arbeidet med å auke pasient- og brukartryggleiken er langsiktig og krev målretta innsats på mange område, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Les nyheitssak på nettsidene til Helsedirektoratet.